Du er her: Forsiden / Behandlingsformer / Aromaterapi

Aromaterapi

Oppdatert 21.01.2016
  • twitter logo
  • facebook logo
  • printer

Verkar det?   |  Er det trygt?   |  Bakgrunn   |  Les meir   |  Kjelder

Samandrag

  • Aromaterapi vert i denne artikkelen avgrensa til utvortes bruk av eterisk olje ved ulike helseproblem. Den sterke dufta som slike oljar har - aromaen - står sentralt i teorien for slik bruk.
  • Aromaterapeuten fordeler aromaolje utover ryggen før massasje. Foto: Ingun A. Mæhlum

    Terapeuten fordeler aromaolje utover ryggen før massasje. Foto: Ingun A. Mæhlum

    Etter våre kriterie ligg det ikkje føre solid vitskapelig støtte for å hevde at aromaterapi har verknad mot konkrete helseproblem.
  • Bruk av eteriske oljar kan gje biverknader, og nokre grupper vert råda til varsemd. Utynna eterisk olje kan vere helseskadeleg.

Verkar det?

Så langt vi kjenner til, har ikkje aromaterapien èi, felles forklaring på korleis behandlinga skal kunne gi helsebringande verknad:

Nokre tilhengjarar av aromaterapi meiner at den einskilde oljen ber med seg det dei meiner er urten sin "unike livskraft". Dei meiner at verknaden av oljen skuldast meir ein spesiell "energi" frå urten som er brukt, og mindre dei kjemiske stoffa som ein kan påvise i oljen. Det ligg ikkje føre støtte frå vitskapen til denne teorien.

Èin teori om verkemåte, bygger på det ein veit om at duftmolekyl bind seg til reseptorar i nasen, og at desse kan sende kjemiske signal til hjernen via luktnerven. Ut frå dette, meiner aromaterapeutar at innanding av eterisk olje gir generelt auka positiv sinnsstemning og positive kjensler, noko som vert rekna for føresetnadar for god helse.  På denne måten meiner dei at behandlinga deira styrkjer helsa, og både førebyggje og kurere sjukdom.

Ein annan teori om verkemåte stør seg på det ein veit om at nokre bestanddelar av duft eller damp er i stand til å passere inn i blodet via lungene. Ein veit også at nokre slike bestanddelar også er i stand til å krysse blod-hjernebarrieren, og kan påvirke nerveceller i hjernen direkte. Ut frå dette meiner tilhengjarar av aromaterapi at eteriske oljar trengjer inn i kroppen og gjev biologisk verknad, anten dei vert anda inn eller smurt på huda.

Så kva veit ein egentleg om korleis aromaterapi kan verke?
Det ein veit om eteriske oljar, er at dei har ulik kjemisk samansetjing. Difor er graden av farmakologisk aktivitet forskjellig frå olje til olje. Men, ein kan ikkje hevde at alle oljar har verknad, fordi om èin har det. Ein veit og at verknaden av ei bestemt lukt kan endrast av psykologiske faktorar så som kjensler, tidlegare erfaring og forventning.

Det manglar såleis solide prov på korleis eteriske oljar eventuelt kan påverke sentralnervesystemet og fysiologiske system; samt på den eventuelle samanhengen mellom slike oljar sin duft og betring av helsetilstanden.

Den 16.04.15 inneheldt kjeldene våre fylgjande oppsummeringer av forskinga på aromaterapi (Legg merke til at eit og same bruksområde kan finnast att fleire stadar i tabellen, fordi ein har forska på ulike oljar):

HAR EFFEKT SER UT TIL Å HA EFFEKT EIN VEIT IKKJE SER IKKJE UT TIL Å HA EFFEKT HAR IKKJE
EFFEKT
 

Auka livskvalitet hjå demente

Fall (forebygging)

Hårtap

Migrene (peppermynte-olje)

Smerte og sprukken hud ved amming

Smerter etter keisersnitt

Spennings-hovudverk

Angst og søvnforstyrring (hjå kreftpasientar som
får stråling)

Depresjon

Eksem

Forstopping

Hukommelse, skriveferdigheter og sorteringsevne  (kognitive  funksjonar)

Humørsvingingar

Høgt blodtrykk

Kløe i hovudet (pruritus)

Kolikk

Kortare fødselstid

Kvalme og oppkast (hjå pasienter som får  cellegift-behandling)

Lus ( hovudlus )

Migrene ( lavendel-olje )

Psykisk velvére

Rehabilitering etter slag

Smertefull menstruasjon ( dysmenoré )

Smerter etter helveteseld

Smerter under fødsel

Stress

Søvnløyse

Sårsmerte ( ved byte av kompress )

Tilfriskning etter operas jon

Tuberkulose (forsterking av medisinsk behandling)

Uro (hjå demente)

Alle andre bruksområde

Demens/ Alzheimer

Kreftrelatert smerte

Kvalme etter operasjon (peppermynte-olje)

Smerter i botnen av bekkenet

 

Er det trygt?

Alle som vil, kan kalle seg "aromaterapeut" og praktisere aromaterapi utan krav til utdanning. Eventuell utdanning i aromaterapi gir ikkje same kompetanse, formelle kvalifikasjonar og ansvar som autorisert helsepersonell har.

Frå forskinga kjenner ein til at metoden fører med seg risiko for nokre, men alvorlege biverknader:

Kjende biverknadar og interaksjonar

Eteriske oljer kan vere giftige og helseskadelege: For høgt konsentrert/ for lite uttynna olje kan gje symptom som hovudverk og kvalme. Aromaterapeutane meiner derimot at forbigåande hovudverk og kvalme etter behandlinga er normale og vanlege teikn på det dei kallar "reinsking av kroppen". Ver varsam, og kontakt lækjar hvis du får slike symptom ved bruk av eteriske oljar.

Forskinga inneheld rapportar om abort, rastløyse, depresjon og utslett etter bruk av aromaterapi, samt at lang tids bruk kan auka faren for kreft.

Kjeldene våre opplyser ikkje kva oljer, kor mykje, ofte eller kor høg konsentrasjon dette gjeld. Ein kjenner òg til at dei forskjellige eteriske oljane kan ha svært individuelle og til dels alvorlege biverknader på spesielle grupper: til dømes kan peppermynteolje brukt nært andletet på spedborn og småborn gi fleire biverknader, så som akutte pusteproblem og spasmer i strupehovudet og bronkiane. Les meir om peppermynte her .

Som nemt er den vanlegaste forma for aromaterapi i Noreg aromaterapi massasje . Det er derfor ikkje umogeleg at aromaterapimassasje frå terapeut kan gje biverknadar på linje med dei som er påvist for massasje . Dette tyder likevel ikkje at eventuelle biverknadar av aromaterapimassasje sikkert kan seiest å kome frå dei eteriske oljane.

Varsemd

Ufortynna eteriske oljer kan gi alvorlege biverknader og risiko for helseskade: Dei kan vere giftige, verke sterkt irriterande og gi sterke allergiske reaksjonar. Også ferdigtynna olje kan gi reaksjoner, og bør difor ikkje nyttast i auga, på slimhinner eller innvortes.

Ifylgje våre kjelder bør gravide, epileptikarar, allergikarar og dei med nedsett lever- og nyrefunksjon unngå aromaterapi/bruk av eteriske oljar, av di det manglar nok dokumentasjon på tryggleiken for desse gruppene. Kjelda nemner også at ein av same grunn bør vere varsam med å bruke eteriske oljer på born.

Ifylgje National Cancer Institute skal ein ha gjort funn av stoff med hormonliknande effekt i tetreolje og lavendel . Effekten av desse stoffa liknar det kvinnelege kjønnshormonet østrogen, og seiest å kunne blokkere for eller redusere mengda mannlege kjønnshormon. Det er kjent at østrogen gjev næring til enkelte typar kreftsvulstar, og pasientar med slike kreftformar bør av den grunn ikkje nytte desse oljene.

Aromaterapautane rår klientane sine til setje av godt med tid etter behandling med eteriske oljar. Grunnen til dette skal vere svært ulike reaksjonar frå person til person, så som trøytte eller slappheit. Aromaterapeutane råder òg klientane til å vere varsame med eteriske oljer ute i sterk sol og i solarium, fordi nokre oljer aukar huda si lyskjensle.

Vi rår på generelt grunnlag til å velje behandlarar som er registrerte i Brønnøysundregistra.

Kva er aromaterapi?

Aromaterapi byggjer på tanken om at eteriske oljer kan førebyggje eller kurere psykiske og fysiske problem, og at ein kan oppnå dette når ein smør den på huda, nyttar den saman med massasje, har oljen i badevatn eller kompressar/ omslag eller andar den inn.

Kva er eterisk olje?

Eteriske oljer er ekstraktar, utvunne av ein duftande del av planten. Ein veit at kvar olje har ein eigen kjemisk struktur, som verkar inn på korleis den luktar, korleis den vert absorbert. Aromaterapeutar meiner også å vite kvar på kroppen den einskilde oljen gjer best nytte. Opprinneleg vart fleire hundre planteartar nytta, men i dag held terapeutane seg til omlag tretti ulike oljer. Dei delar gjerne oljene inn i tre kategoriar:

• dei som skal styrkje både kropp og sinnsstemning
• dei som skal styrkje og regulere hovedfunksjonane i kroppen
• dei som skal gje ein avslappande og beroligande verknad på kropp og sje l

Eteriske oljer er flyktige . Det vil seie at dei dampar bort når dei kjem i kontakt med luft. Dei er òg svært konsentrerte/ sterke, og ufortynna kan dei vere svært giftige. Difor vert dei før bruk blanda og tynna ut med ein luktfri alkohol, vegetabilsk olje, voks eller krem.

Kva er målet med aromaterapi?

Ofte vert aromaterapi nytta til å auke velvère, beroligande eller avslappande - men det ligg føre forsking på aromaterapi for førebyggje eller kurere både psykiske og fysiske helseproblem. For særskilt informasjon om aromaterapi brukt ved kreft, kan du lese artikkelen vår om dette på temasidene om kreft og alternativ behandling.

Korleis oppsto aromaterapi?

Ein veit at aromatiske planter har vore nytta i behandling av lidingar i Austen i fleire tusen år. Bruk av planteoljar er òg kjent frå norsk folkemedisin. Byrjinga til den moderne formen for aromaterapi vert knytt til franskmennene Rene Maurice Gattefosse og Jean Valnet, som utover 1900-talet utvikla teoriar knytt til behandling med forskjellige eteriske oljer. Utover 1980/90-talet breidde aromaterapien seg vidare til andre vestlege land.

Teorigrunnlag

Helseforståing

Ifylgje teorien har oljane unike og ulike  verknadar, så som antiseptisk, avslappande, forfriskande, roande, lindrande, reinsande, kjølande, varmande eller styrkjande. Det ligg ikkje føre prov på alle desse verknadane. I tillegg til behandling med olje, gir aromaterapeutane ofte råd om kosthald, om det å ta vare på seg sjølv, og om eiga behandling med olje.

Les òg artikkelen vår om aromaterapi og kreft på temasidene våre om alternativ kreftbehandling.

Diagnose

Aromaterapi er ei behandlingsform utan noko eige diagnoseverkty. Behandling hjå ein aromaterapeut byrjar gjerne med ein samtale om klienten sin helsetilstand, om bruk av lækjemiddel og om livsførsel. Terapeuten spør kanskje om klienten sine søvnvanar, kosthald og mosjonsvanar. Han vil òg søke å beskrive tilstanden som klienten er i; så som om ho er roleg/ uroleg, glad/ trist eller liknande. Aromaterapeutane er generelt opptekne av det dei kallar eit heilskapleg bilete av klienten. Mange av dei nyttar seg av naturmedisinske diagnoseverkty så som irisanalyse, pulsdiagnostikk, soneterapi, kinesiologi og andlet- og tungediagnostikk før dei tek til å behandle klienten.

Ut frå det terapeuten og klienten kjem fram til er problemet ein skal prøve å behandle, samt terapeuten sin forståelse av kva dei ulike oljane verkar mot, avgjer han kva slag olje som bør nyttast: Dersom problemet t.d. er "uro", vil terapeuten velje ein olje han meiner verkar roande. Dersom ein kjem fram til at klienten har fleire/ samansette problem, skal ein ifylgje aromaterapi-læra kunne løyse det ved å nytte fleire oljer i blanding.

Aromaterapi i praksis

Korleis foregår behandlinga?

Eteriske oljer duftar sterkt og nyttast ved massasje, i bad, spray, kremar, kompressar, til gurgling og til inhalering. Fordi konsentrert eterisk olje er så sterk og kan vere giftig, vert den blanda med ein baseolje som til dømes jordnøttolje eller jojoba-olje. Det er vanleg å blande fleire ulike oljar for å endre verknaden.

Ei ”delbehandling” med aromatisk massasje hjå terapeut tek ifylgje utøverane kring ein halv time, mens heile kroppen kan ta om lag ein og ein halv time. Ifylgje teorien er det gunstig at klienten "forsterker" behandlinga ved å nytte oljen heime. Behovet for seinare behandlingstimar vert gjerne basert på kva klienten sjølv synest ho har erfart.

Eigenbehandling med eteriske oljer vert ofte gjort som innanding, ved ombinding i kompress, tilsetjing i badevatn, eller smøring med krem på huda.

Aromaterapi i Noreg

Her i landet vert aromaterapi tilbydd både som eiga terapiform, og gitt saman med andre behandlinger så som kinesiologi, meridian-drenasje, fotsoneterapi, øyreakupunktur, Bachs blomstermedisin, kost-rettleiing og som del av ulike heilskaps-terapiar. Den vanlegaste forma i Noreg er truleg aromaterapi massasje ; som er når ein terapeut vèl ut eteriske oljer og nyttar dei saman med massasje .

Les meir

Kjelder

Les også

  • Lis-Balchin, Maria (2006): Aromatherapy Science – a guide for health professionals . Pharmaceutical Press, London.
  • Price, Shirley and Len (1999): Aromatherapy for Health Professionals . Churchill Livingstone, London.

Se vårt bildegalleri her

Oppdatert 21.01.2016