Aromaterapi er ei naturmedisinsk behandlingsform der terapeuten nyttar eteriske oljer som er ekstrakt frå planter. Desse duftar sterkt, og nyttast ved massasje, i bad, kompressar, til gurgling og til inhalering. Dei ulike duftane skal i følgje teorien ha forskjellige lækjande eigenskapar, og skal ha både psykiske og fysiske verknader. Terapeutar blandar ofte ulike oljer for å endre eller styrke verknaden.

Foto: stock.xchng
Terapeuter råder gravide og epileptikarar til å unngå ein del spesifikke oljer. Oljene skal ikkje nyttast utynna, rett på huden, og heller ikkje nyttast i augene eller innvortes. Difor må ein og vere varsam med eteriske oljer til born, til dømes i badevatnet. Inga vitskapeleg gransking tyder på at metoden gjev alvorlege biverknader, men aromaterapeutar meiner blant anna at høge konsentrasjonar av olje kan gje hovudverk og kvalme. Nokre oljer vil kunne framkalle allergiske reaksjonar og auke huden si lyskjensle. Ver difor varsam med bruk av eteriske oljer ute i sterk sol eller i solarium.
Behandlingsforma vert ofte nytta til velvære, men og som førebyggjande terapi ved søvnløyse, hovudverk, hudvanskar, muskelsmerte, lettare depresjonar, luftvegsjukdomar og ved stressrelaterte symptom. Aromaterapi vert av mange terapeutar gjeve som eit supplement til andre alternative metodar.
Aromatiske planter har vore nytta i behandling av lidingar heilt tilbake til år. 4000 f. Kr. Den franske kjemikaren Rene Maurice Gattefosse var den fyrste som nytta omgrepet ”aromaterapi” i 1928. Betegninga kjem av at oljene har sterk aroma eller duft.
Førebels er det inga vitskapeleg gransking som dokumenterer at aromaterapi har nokon positiv effekt.
Les her om kva tilstander aromaterapi og nyttast ved.
Om forskning
Vil du vite hvor vi henter aktuell forskning fra, og hvordan vi vurderer den, kan du lese artikkelen "Kilder og fremgangsmåte".