
Foto: Stock.xchng
Biopati er eit analyse- og terapisystem som er basert på analyse av klienten inn på ein skala eller grad av sjukdom, og deretter eit fast behandlingsprogram for betring. Biopati er ei behandlingsform som er meint til å hjelpe kroppen å lækje seg sjølv. Eit hovudprinsipp er at analysen og behandlinga skal femne alle biokjemiske delar og prosessar i kroppen, og at desse påverker kvarandre.
Behandlingsforma byggjer på ein kombinasjon av amerikansk biologisk ernæringsmedisin, skandinavisk naturmedisin, tysk immun- og symbioseterapi i tillegg til austlege tradisjonar og kunnskapar om sjukdom og helse.
Ein biopat lagar seg eit bilete av den biologiske tilstanden din gjennom intervju og samtale, forskjellige testar samt bruk av teoretiske modellar. Biopaten ynskjer å vite om dine symptom, kostvanar, fordøying, sjukdom og inntak av væske.
Med hjelp av eit elektrisk apparat prøver biopaten å analysere og kartleggje eventuelle ubalansar eller blokkeringer i det han meiner er kroppen sine energibanar, kalla . Apparatet skal kunne måle elektrisk hudmotstand i akupunkturpunkt på hender og føter, som ifylgje teorien fortel om du har slike ubalanser eller blokkeringer. Dette skal også kunne gjeve svar på om du manglar vitamin eller mineral. Analysen kan og gjerast ved hjelp av mellom anna kinesiologi, irisanalyse, mørkefeltsanalyse og soneterapi. Ifylgje prinsippa i biopatien skal ein som eit minimum før behandling vert sett i gang undersøkje og fastsetje om klienten har slike ubalanser, og om klienten har behov for noko preparat for å kome i balanse.
Biopatane reknar ein sunn og sjukdomsfri kropp for å vere i indre balanse (homeostase). Ved homeostase er det ikkje ubalanse eller blokkering av det biopatane kallar energibanar.. Ulike faktorar, kalla antihomeostatiske faktorar, skal kunne påverke denne tilstanden og gjere deg sjuk. Biopatien nemner både stress, kosthald, mangel på mosjon, mangel på kjemiske stoff med meire som slike faktorar. Ifylgje teorien skal menneskekroppen både sjølv vere i stand til og heile tida søkje etter å gjenopprette den indre balansen. Resultata frå analysen skal kunne plassere deg inn i ein av sju konkrete adaptasjonsfasar; der kroppen ifylgje teorien prøver å tilpasse seg ulik grad av sjukdom - frå normalt sunn og frisk til alvorleg sjuk. Biopatane er opptekne av å lokalisere og behandle infeksjonar/ betennelsar, fordi dei meiner at dette er starten på sjukdomsutvikling og -forverring.
Biopatibehandlinga er eit induviduellt tilpassa program, men byggjer på det biopatane kallar regenerasjonsprogrammet. Dette femner fem forskjellege terapiar: kosttilskot, vitamin- og mineralpreparat, utrensing med urter, samt terapi for å auke kroppen sitt immunforsvar og evne til å avvise allergi. Det er vanleg at klienten går på ein slik kur med desse terapiane i fire veker. Etter den fyrste kuren tar klienten ein ny analyse for eventuell ny fire vekers kur. Dette held fram til biopaten meiner kuren har gitt ønska effekt.
Nokre biopatar nyttar også andre metodar, som kinesiologi, øyreakupunktur, soneterapi, mørkefeltsanalyse, irisdiagnose og bioelektronisk funksjonsanalyse som supplement til behandlinga. Enkelte analyseapparat skal også kunne nyttast til behandling.
Biopati vert gjerne nytta av dei med symptom som astma og allergi, eksem, betennelsar, menstruasjonssmerter, giktlidingar, forstopping og diaré. Det føreligg pr. i dag inga vitskapeleg gransking som gjev svar på om metoden har nokon effekt eller ikkje på desse lidingane.
Det er pr. i dag inga gransking som rapporterar om alvorlege biverknadar på biopati, men biopatane meiner at biverknadar som kvalme, lokal smerte, trøtte, litt feber, hovudverk, sveitte og svingningar i humøret kan oppstå. Ein bør vere varsam i å nytte kosttilskot, mineral- og vitaminpreparat, då desse kan ha verknad på effekten av legemidlar. Slik behandling bør alltid gjerast etter rådføring med lege.
Biopati kjem av orda bio som tyder liv, og pathos som betyr kjensle, liding og sjukdom.
Om forskning
Vil du vite hvor vi henter aktuell forskning fra, og hvordan vi vurderer den, kan du lese artikkelen "Kilder og fremgangsmåte".