Du er her: Forsiden / Behandlingsformer / Flere / Kinesiologi

Kinesiologi

Oppdatert 07.01.2010

Kinesiologi. Foto: Ingun A. Mæhlum

Muskelstyrken i arm testes samtidig som klienten holder en finger på ei flaske med Bachs blomstermedisin. Foto: Ingun A. Mæhlum

Kinesiologi er ein metode som kombinerer austens teori om menneske sitt energisystem, kalla meridianar, og vestleg anatomi, fysiologi og bevegingslære. Kinesiologi har i dag fleire retningar.

Granske styrken på musklar

Felles for desse er å teorien om at ei svekking av eit organ gjev svekking av ein muskel. Terapeutar skal ved å granske styrken på musklar kunne seie om du har fysiske eller psykiske ubalansar eller blokkeringar. Dette gjerast ved lette trykk på ulike stader på kroppen.

Ein kinesiolog søkjer å gjenopprette balansen ved hjelp av ulike teknikkar, som: massasje av akupunkturpunkt, homøopatiske middel, kosthaldsråd, kosttilskot, fysiske øvingar, og mentale teknikkar. Føremålet med kinesiologi er å sette i gang prosessar så kroppen kan heile seg sjølv.

Metoden vert nytta ved ulike lidingar, som til dømes stress, ekamensangst, depresjonar, ryggplagar og innlæringsproblem. Nokon nyttar kinesiologi for å førebyggje sjukdom, auke idrettsprestasjonar og for å få meir energi.

Det fins førebels ikkje vitskapelege studiar på effekt av kinesiologi. Kinesiologi blei utvikla av fleire kiropraktikarar på 1960-talet, og offisielt grunnlagt av den amerikanske kiropraktikaren George Goodheart i 1964.

Referansar

  • Hoffman, Shirl.J(2008): Introduction to Kinesiology. Studying Physical Activity. USA
  • NOU 1998:21
  • VIFAB

Les og

  • Floyd, R.T. (2007): Manual of Structural Kinesiology. M Graw-Hill, New York.
Var denne informasjonen nyttig?