Du er her: Forsiden / Behandlingsformer / Flere / Miljømedisin

Miljømedisin

Oppdatert 08.12.2011

Denne artikkelen er under revidering. Delar av innhaldet kjem til å bli endra i løpet av 2011-12

Miljømedisin er eit omgrep som vert nytta innafor både konvensjonell medisin og alternativ behandling. Det er eit samleomgrep som kan romme fleire terapiformer.

Alternativ miljømedisin inneber diagnostisering, identifikasjon, førebyggjing og behandling av sjukdom som terapeutane meiner skuldast påverknad frå miljøet. Døme på slike påverknadar kan vere kjemiske, fysiske og biologiske eksponeringar og psykososiale tilhøve i mennesket sine omgjevnadar.

Alternative miljømedisinarar meiner at matvarer og ureining av vatn og luft i ein del tilfelle er årsak til ulike sjukdomar, og at desse kan diagnostiserast med metodar som kinesiologi, eliminasjonsdiett, dråpetesting under tunga, hårmineralanalysar, eller en såkalla vegatest. Vegatesting vert gjort med eit apparat som er meint å skulle måle elektrisk motstand og elektriske svingingar i kroppen.Resultata som terapeuten les av på apparatet, skal seie noko om ein er sjuk eller ikkje, og om kva slag sjukdom det er tale om.

Kva for behandlingsmetode som alternative miljømedisinarar bestemmer seg for å nytte, er avhengig av kva dei meiner er årsak til helseplagane. Metodar dei ofte nyttar, er mellom anna råd om endra kosthald og livsstil, miljømessige tilretteleggingar, ernæringsterapi og naturlækjemiddel. I Noreg er ein del utøvarar av alternativ miljømedisin lækjarar, og difor nyttar dei òg vanleg skulemedisin der dei meiner det høver.

Behandlinga vert nytta ved sjukdom og helseplager som mellom anna astma, eksem, migrene, hjartebank, revmatisme, leddsmerter søvnforstyrring, mage- og tarmlidelser, autisme og ADHD.

Forsking

NIFAB bruker Cochrane Librarys metastudier som kjelde til informasjon om forsking på verknad. Les meir om vårt val av kjelder og framgangsmåte her.

Verkar det?

Sidan miljømedisin er sett saman av fleire alternative diagnostiserings- og behandlingsmetodar, må du søkje i kvar enkelt av faktaartiklane våre om desse etter informasjon om forsking på verknad. Sjå i menyen på venstresida, eller klikk på lenkjene i teksten ovanfor. Det kan og finnast fleire, som NIFAB ikkje har skrive om enno.

Det finst ikkje solid dokumentasjon på effekt av miljømedisin som heilskapleg behandlingssystem. Effekt av miljø som medisin er generelt dårleg dokumentert. Noko av grunnen til dette er at det er vanskeleg å forske på behandling som er så samansatt, individualisert og kompleks.

Sjølv om det kan finnas enkeltstudiar og systematiserte brukarerfaringer på effekten av miljømedisin, vert ikkje dette rekna som solid dokumentasjon. Les meir om forskning og NIFAB sine kjelder og framgangsmåte her.

Er det trygt?

Det finst ikkje solid dokumentasjon om tryggleiken ved bruk av miljømedisin, men samstundes er det heller ikkje rapportert om alvorlege biverknadar.

Lækjarar som praktiserer Miljømedisin, må også då halde seg til helsepersonellova. Det inneber mellom anna at dei skal praktisere fagleg forsvarlig, og ikkje utsette pasientar for helserisiko. For nærare informasjon om tryggleiken for kvar enkelt metode, sjå i menyen på venstresida, eller klikk på lenkjene i teksten ovanfor.

Biverknadar

Dersom du opplever negative effekter som du meiner skuldast miljømedisinen, bør du ta kontakt med lækjar.

Ver merksam på at det kan oppstå risiko for helseskade dersom terapeuten ikkje rådar klienten til å oppsøkje naudsynt medisinsk behandling. Dette gjeld alle typar alternativ behandling.

Bruk av miljømedisin og/ eller annan alternativ behandling bør aldri erstatte medisinsk hjelp og behandling frå den offentlege helsetenesta. Les meir om dette i NIFAB si pasientvegleing.

Kjelder

  • Bruset S. og Poleszynski D. (1995): Alternativ medisinsk leksikon. Det Beste, Oslo.
  • Grandjean, Philippe (1988): Miljømedicin. FADL, København

Om forskning
Vil du vite hvor vi henter aktuell forskning fra, og hvordan vi vurderer den, kan du lese artikkelen "Kilder og fremgangsmåte".