Du er her: Forsiden / Behandlingsformer / Flere / Naturopati

Naturopati

Oppdatert 25.02.2010

Foto:stock.xchng

Foto:stock.xchng

Naturopati er ei heilskapleg behandlingsform som særleg leggjer vekt på kosthald og ernæring som ein del av terapien. Avgifting og rensing av kroppen kan òg vere sentralt. Metoden dreiar seg meir om førebyggjing enn om motarbeiding av lidingar. Naturopati omfattar blant anna urtemedisin, blomstermedisin, soneterapi, hydroterapi, meditasjon, yoga og øyreakupunktur.

For å stille ei diagnose vil ein naturopat intervjue klienten om noverande sjukdom, symptom, arv, tidlegare sjukdom, kosthald, søvn, stress, bruk av alkohol og tobakk. Terapeutar søkjer å minske mengda med fysiologiske og psykologiske belastingar slik at kroppen kan lækje seg sjølv. Ein naturopat vil samstundes oppmode klientane sine til eigenomsorg for å lukkast i å auka livskvaliteten. Det kan til dømes vere å få dagleg mosjon, sol og frisk luft, i tillegg til riktig kosthald og meditasjon. Nokre naturopatar anbefaler klientar om å ikkje nytte vaksiner.

Naturopati nyttast ved ulike helseplagar som til dømes kroniske lidingar, matintoleranse, vanskar med fordøying, underernæring, overernæring, hormonelle ubalansar, søvnvanskar og leddplagar. Nokon vel å bruke naturopati som førebyggjande mot stress og belastingssjukdomar.

Studiar har vist at riktig kosthald og mosjon gjev lågare risiko for ei rekkje ulike sjukdomar, men det føreligg inga vitskapeleg prov på at naturopati kan kurere kreft eller anna sjukdom.

Naturopati har røter frå Tyskland, og blei vidareutvikla i USA på byrjinga av 1900-talet.

Referansar

Om forskning
Vil du vite hvor vi henter aktuell forskning fra, og hvordan vi vurderer den, kan du lese artikkelen "Kilder og fremgangsmåte".

Var denne informasjonen nyttig?