
Tai chi. Foto:Luigi Scorcia med Creative-Commons Lisence.
Tai chi er ei treningsform som kjem frå Kina. Nemninga er kinesisk, og tyder ”det aller høgste”. Det er ei form for qi gong, og er ein del av det samansette orientalske medisinske systemet som inneheld akupunktur, massasje, akupressur og urtemedisin.
I det 13.hundreåret f.Kr. utvikla utøvarar av kampkunst ei treningsform basert på sjølvforsvarsbevegelsar for å verte meir uthaldande og få betre smidigheit, balanse og koordinering, samstundes som treninga ikkje skulle vere belastande for kroppen. Treningsforma har frå den tid utvikla seg gjennom fleire fasar. Fyrst i 1960-åra blei det gjeve undervisning i tai chi i Europa og USA.
Tai chi blir ofte utført gruppevis. Det kan sjå ut som ein sakte dans, med flytande, avslappa bevegelsar. Tai chi skal gjeve betre andedrett og betre evna til å slappe av, samstundes som det skal styrkje kroppen utan å skade ledda. Treningsforma skal kunne hjelpe til med å fjerne stress og relaterte muskelspenningar frå rygg, skuldre og hofte.
Under praktisering av teknikken skal ein fokusere på andedrettet, og koordinere øvingane med pusterytmen. Difor vert tai chi ofte kalla ”meditasjon i rørsle”. Ein finn og nemninga skuggeboksing om tai chi. Tai chi blir utført med fleire rolege, grasiøse øvingar i eit bestemt mønster, i ei såkalla kort eller lang form.
Ei kort form vil som oftast vare frå fem til ti minutt, og innehalde 37 eller 48 øvingar. Ei lang form vil kunne ta fra 20 – 60 minutt, og innehalde 108 øvingar. Tai chi kan lærast på tomannshand, men oftast i gruppe. Ei økt er som oftast på 90 minutt. For å ha nytte av tai chi meiner utøvarar at du må praktisere treningsforma minst ein gong i veka.
Tai chi vert ofte nytta ved angst, spenningar i musklar, leddbetennelsar, ryggproblem og ved blodtrykk- og sirkulasjonsproblem.
Tai chi reknast som ei trygg terapiform, men har du ein sjukdom vert det åtvara mot å starte tai chi trening utan å kontakte lege på førehand. Dette gjeld til dømes ved ved brokk, ryggsmerter, beinbrist, ledd problem, alvorleg beinskjørleik og ved svangerskap. Ved overdriving vil du kunne forstrekkje eller få ømme musklar. Har du ein infeksjon i kroppen, er veldig trøytt eller nettopp har spist eit måltid mat, råder instruktørar deg ikkje å utøve tai chi.
Det finst noko vitskapeleg gransking på tai chi knytta til ulike lidingar. I 2008 fann ein ved gjennomgang av studier, at i 22 av 26 tilfelle fekk deltagarane lågare blodtrykk ved bruk av tai chi. Generelt kan ein seie at studiane på tai chi har vore for små, eller at granskingsmetoden har vore for avgrensa til at ein vitskapeleg kan dokumentere at tai chi bør anbefalast som ei effektiv terapiform.
Om forskning
Vil du vite hvor vi henter aktuell forskning fra, og hvordan vi vurderer den, kan du lese artikkelen "Kilder og fremgangsmåte".