Visualisering kjem av ordet å visualisere som tyder å sjå for seg. Metoden er ei målretta tenkjing i form av bilete, som i terapeutisk samanheng handlar om å sjå for seg den tilstanden ein vil oppnå. Visualisering kan karakteriserast som ein metode for sjølvhjelp eller ein meditasjon der visualiseringa verkar på undermedvitet. Terapiformen er brukt innanfor andre behandlingsformer som kinesiologi og myofascial release som er ei form for massasje.
Visualiseringsterapi eller styrt meditasjon blei utvikla på 1970-tallet av Carl Simonton, ein amerikansk radiolog, saman med psykoterapeuten Stephanie Matthews-Simonton. Metoden blei brukt av lækjarar allereie under middelalderen. Det finns førebels lite dokumentasjon på at metoden har nokon effekt, men studiar har vist at visualiseringsterapi saman med meditasjon og avslappingsøvingar kan gje fysiologiske endringar i dei kvite blodlekamane.