Aromaterapi

Fredag, 30. mars 2012

Kva er aromaterapi?

Teorigrunnlag

Aromaterapi i praksis

Forsking

Er det trygt?

Organisasjonar

Les og

Kjelder

Kva er aromaterapi?

Aromaterapi er ei naturmedisinsk behandlingsform der ein nyttar sterkt duftande eteriske oljer, også kalla essensar, til dømes i massasje og til innanding. Den vanlegaste forma for aromaterapi i Noreg er aromaterapimassasje; som vil seie at ein terapeut kombinerer bruk av eteriske oljer med massasje. Eigenbehandling med eteriske oljer er òg vanleg. Denne faktabeskrivelsen konsentrerar seg om bruk av eteriske oljer.

Kva tyder aromaterapi?

Aroma tyder duft, og terapi tyder behandling. Betegninga kjem av at ein nyttar eteriske oljer med sterk aroma eller duft, som skal kunne ha ulike terapeutiske verknadar.

Kva er eterisk olje?

Eteriske oljer er ekstraktar frå planter, utvunne av ein duftande del av planten, så som bladverket, rota, stilken, frukta, barken, frøet eller skalet. For å utvinne ekstraktar vert både sollys, luft, jord og vatn nyttast. Den vanligaste måten å framstille eteriske oljer er å dampdestillere dei delane av planten der oljen er mest konsentrert. Nokre oljer, som til dømes sitron- eller limeolje, vert mekanisk kaldpressa. Oljer som er kjemisk framstilte reknast ikkje som eteriske oljer.

Foto: stock.xchng

Foto: stock.xchng

Kvar eterisk olje har sin eigen kjemiske struktur som verkar inn på korleis den luktar, vert absorbert og korleis den vert nytta på kroppen. Den kjemiske strukturen innanfor kvar enkelt planteart kan variere, avhengig av næringsgrunnlag og kvar planten veks.

Fleire hundre ulike planteartar har vorte nytta til produksjon av eteriske oljer. I dag held aromaterapeutane seg til omlag tretti oljer i behandlinga si av ulike lidingar. Dei delar gjerne oljene inn i tre kategoriar:

• dei som seiest å styrkje både kropp og sinnsstemning
• dei som seiest styrkje og regulere hovedfunksjonane i kroppen
• dei som seiest å gje ein avslappande og beroligande verknad på kropp og sjel

Eteriske oljer er flyktige. Det vil seie at dei dampar bort når dei kjem i kontakt med luft. Dei er òg svært konsentrerte, og ufortynna kan dei vere svært giftige. Difor vert dei blanda og tynna ut med ein luktfri alkohol, vegetabilsk olje, voks eller krem.

For å utvinne èin liter eterisk olje av til dømes lavendelblomst, trengst over nitti kilo blomstrar. Av tre hundre kilo timian kan ein utvinne èin liter timianolje.

Kva er målet med aromaterapi?

Ofte vert aromaterapi nytta til å auke velvère, beroligande eller avslappande - men det er òg kjent at aromaterapi vert brukt førebyggjande og terapeutisk, ved både psykiske og fysiske ubehag, og som forsøk på å kurere sjukdom. Det finst mange eteriske oljer, som teorien seier skal ha ulike verknadar, så som antiseptisk, avslappande, forfriskande, roande, lindrande, reinsande, kjølande, varmande eller styrkjande.

Aromaterapi vert ifylgje terapeutar nytta ved ei rekkje ulike helseplager og lidingar; så som søvnløyse, tett nase, hovudverk, hudproblem, dårleg fordøying, dårleg blodomlaup, kreft, muskelsmerte, lettare depresjonar, luftvegsjukdomar, revmatisme og ved stressrelaterte symptom. Eteriske oljer blir òg nytta ved ulike infeksjonar, og typiske kvinneplager som overgangsalder, menstruasjonsproblem samt ved sopp- og virusinfeksjon.

For meir informasjon om aromaterapi brukt ved kreft, kan du lese artikkelen vår om dette på temasidene om kreft og alternativ behandling.

Ifylgje National Cancer Institute vert terapiforma òg nytta av kreftpasientar som ei støttebehandling for å takle biverknadar som den skulemedisinske kreftbehandlinga kan gi. Norske terapeuter opplyser at dei ofte gir aromaterapi som supplement til andre naturterapeutiske behandlingsformar og skulemedisinsk behandling av ulike sjukdomar. Les om aromaterapi og kreft her.

Korleis oppsto aromaterapi?

Aromatiske planter har vore nytta i behandling av lidingar i land som Egypt, Kina og India heilt tilbake til år 4000 f. Kr. Dette er vist gjennom funn frå helleristingar, førhistoriske bilete både på fjell, i huler og pyramidar. Ein veit at dei gamle grekerane nytta duftande blomar mot mellom anna kvalme, trøttleik og hovudverk.I Pakistan er det funne eit 5000 år gamalt destilleringsapparat for uttrekk av oljer. Bruk av planteoljar er òg kjent frå norsk folkemedisin; mellom anna har det i Noreg vore nytta furunålolje på sår og brannsår.

Den moderne formen for aromaterapi oppsto på byrjinga av 1900-talet. Det var den franske kjemikaren Rene Maurice Gattefosse som i 1928 fyrst nytta omgrepet ”aromaterapi”. Den franske lækjaren Jean Valnet (1920-1995) utvikla dette vidare, og han reknast i dag som "far" til teorien om behandling med eteriske oljer slik vi kjenner det i dag. Utover 1980- og '90-talet vart aromaterapi populært blant befolkninga i vestlege land.

I fleire av dei mellomeuropeiske landa nyttar lækjarar eteriske oljer i tillegg til konvensjonell behandling av pasientar. I Frankrike tilbyr ein vidareutdanning i bruk av aromaterapi for lækjarar. Der er det òg berre lækjarar som kan føreskrive bruk av eteriske oljer til inntak gjennom munnen, i form av kapslar, pillar, eller oppløyste i vatn. I England tilbyr ein ved nokre sjukehus aromaterapi som ein del av behandlinga. Fleire utenlandske universitet har eigne fakultet for urte- og aromaterapi.

Teorigrunnlag

Helseforståing

I teorien om aromaterapi meiner ein at planteoljer eller essensar frå naturen har verknadar som kan samanliknast med skulemedisinske medikament si evne til heling. Teorien seier òg at fleire sjukdomar vil betre seg dersom helsa generelt blir styrkja. Terapeutane gir difor klientane sine ofte råd om kosthald, om det å ta vare på seg sjølv, samt om bruk av naturmedisinske aromatiske oljer heime, i tillegg til sjølve behandlinga.

Verkemåte

Så langt NIFAB erfarer, finst det ikkje èi felles omforent vitskapleg forklaring på korleis aromaterapi skal ha effekt.

Det amerikanske National Cancer Institute (NCI) omtalar ein teori og syner til forskning om verkemåte der den eteriske olja trengjer gjennom huda og inn i kapillærårene, som er dei aller minste blodårene. Deretter vert olja frakta rundt i kroppen i blodårene. Samstundes skal lukt-reseptorane i nasen reagere på lukta av essensen, og sende kjemiske signal via nervebanane og sentralnervesystemet til den staden i hjernen som påverkar sinnsstemning og kjensler. NCI skriv også om ein studie som kan vise til funn av luktstoff i blodomlaupet etter inhalering av essensielle oljer. Dette tolkar dei som at aromaterapi har verknad direkte på kroppen, og ikkje berre indirekte gjennom sentralnervesystemet. Nokre meiner difor at aromaterapi kan samanliknast med inntak av skulemedisinske lækjemiddel.

Diagnose

Aromaterapi er ei behandlingsform utan noko eige diagnoseverkty. Behandling hos ein aromaterapeut byrjar gjerne med ein samtale om klienten sin helsetilstand, bruk av medisin og livsførsel. Terapeuten noterar seg klienten sine søvnvanar, kosthald og mosjonsvanar. Han vil òg søke å beskrive og registrere tilstanden klienten er i; så som om ho er roleg, uroleg, glad eller liknande.
Aromaterapeutane er generelt opptekne av det dei kallar eit heilskapleg bilete av klienten. Mange av dei nyttar seg av andre naturmedisinske diagnoseverkty så som irisanalyse, pulsdiagnostikk, soneterapi, kinesiologi og andlet- og tungediagnostikk før dei tek til å behandle klienten. Nokre meiner derimot at diagnose bør vere stilt av lækjar eller liknande, før han tek til å behandle klienten.

Saman med terapeuten sin kunnskap om aromaterapi og teoriane om dei ulike oljene, vil opplysningane frå den innleiande samtalen og eventuell undersøkjing vere det som avgjer kva slag olje terapeuten føreslår å behandle klienten med. Dersom terapeuten meiner at klienten har fleire/ samansette helseproblem, tilbyr han klienten fleire oljer i blanding, både til bruk heime/sjølv og i behandlingstimen.

Aromaterapi i praksis

Korleis foregår behandlinga?

Eteriske oljer duftar sterkt og nyttast ved massasje, i bad, spray, kremar, kompressar, til gurgling og til inhalering. Fordi konsentrert eterisk olje er så sterk og kan vere giftig, må han alltid blandast med ein baseolje som til dømes jordnøttolje eller jojobaolje, før han kan nyttast. Det er vanleg at det vert blanda opptil tre ulike oljar for å endre verknaden.

Ei ”delbehandling” med aromatisk massasje hjå terapeut vil ifylgje utøverane ta ein halv time, mens slik behandling av heile kroppen tek om lag ein og ein halv time. Ifylgje teorien kan klienten sjølv syte for å forsterke og forlenge betring av behandling gitt av terapeuten, ved å halde fram med å bruke oljen heime. Behovet for seinare behandlingstimar vert gjerne avgjort i fellesskap mellom terapeuten og klienten, ofte basert på kva klienten sjølv synest ho har erfart i behandlingstimane og av eigenbehandlinga mellom dei.

Eigenbehandling med eteriske oljer vert ofte gjort med krem på delar av kroppen, til innanding, til ombinding i kompress eller kombinert med badesalt eller i badevatnet.

Aromaterapi i Noreg

Aromaterapeut er ingen beskytta yrkestittel i Noreg. Det finst ikkje felles, sentrale krav til utdanning eller bakgrunn for å kalle seg aromaterapeut.Det betyr at kven som helst kan kalla seg aromaterapeut.

Her i landet vert aromaterapi utøva både som eiga terapiform og gitt saman med andre behandlingsmetodar så som kinesiologi, meridian-drenasje, fotsoneterapi, øyreakupunktur, Bachs blomstermedisin, kostvegleiing og som ein del av ulike heilskaps-terapiar. Dei vanlegaste formene for aromaterapi i Noreg er aromaterapimassasje hjå aromaterapeut, og eigenbehandling med eteriske oljar.

Forsking

NIFAB bruker Cochrane Librarys metastudier som kjelde til informasjon om forsking på verknad. Les meir om vårt val av kjelder og framgangsmåte her.

Verkar det?

Ved søk i Cochrane Library har vi funne kun ein metastudie av aromaterapi. Denne metastudien undersøker om aromaterapi har verknad ved demens. Metastudien omfattar kun ein enkeltstudie, som konkluderer med at lotion med olje frå sitronmelisse kan ha positiv verknad ved demens. NIFAB si kjelde presiserer imidlertid at den inkluderte studien er metodisk svak, og konkluderar med at ein ikkje kan seie at aromaterapi har dokumentert effekt for personar med demens.

Les det norske samandraget av metastudien her. Søket i Cochrane Library vart gjort i november 2010.

Som nemt over er den vanlegaste forma for aromaterapi i Noreg aromaterapimassasje. Det er difor ikkje umogeleg at aromaterapimassasje frå ein terapeut kan gje effekter på linje med det som er påvist for massasje. Dette provar likevel ikkje at ein eventuell effekt av aromaterapimassasje sikkert kan seiest å kome frå dei eteriske oljane.

Er det trygt?

Vitskapleg forsking tyder på at metoden kan gi nokre få, men alvorlege biverknader:

Kjende biverknadar og interaksjon

Utynna eteriske oljer kan vere svært giftige og helseskadelege. Rett uttynning av oljen er difor svært viktig.
Utslag av for høgt konsentrert olje kan vere symptom som hovudverk og kvalme. Terapeutane meiner derimot at forbigåande hovudverk og kvalme etter behandling med eteriske oljer er teikn på det dei kallar "reinsking av kroppen". Dei reknar dette som normale og vanlege reaksjonar i naturmedisinsk behandling. Opplever du slike effekter fleire gonger, hvis dei er sterke eller varer lenge, råder NIFAB deg til å kontakte lækjar.

Det er òg rapportert om abort, rastløyse, depresjon og utslett etter bruk av aromaterapi, samt at lang tids bruk kan auka faren for kreft. NIFAB sine kjelder opplyser ikkje kva oljer, kor mykje, ofte eller kor høg konsentrasjon dette gjeld. Ein kjenner òg til at dei forskjellige eteriske oljane kan ha svært individuelle og til dels alvorlege biverknader på spesielle grupper: til dømes kan peppermynteolje brukt nært andletet på spedborn og småborn gi fleire biverknader, så som akutte pusteproblemer og spasmer i strupehovudet og bronkiene. Les meir om peppermynte her.

Varsemd

Generelt bør ein unngå ufortynna eteriske oljer, fordi dei kan gi alvorlege biverknader og risiko for helseskade: Dei kan vere giftige, verke sterkt irriterande og gi sterke allergiske reaksjonar. Ferdigtynna olje bør heller ikkje nyttast i auga, på slimhinner eller innvortes. Hald alle eteriske oljer unna rekkjevidde for born.

Ifylgje vår kjelde Natural Standard bør gravide, epileptikarar, allergikarar og dei med nedsett lever- og nyrefunksjon på grunn av manglende dokumentasjon på tryggleik, unngå aromaterapi/bruk av eteriske oljar. Ein bør òg vere generelt varsam med eteriske oljer til born, til dømes i badevatnet.

Ifylgje National Cancer Institute skal ein ha gjort funn av stoff med hormonliknande effekt i typiske eteriske oljar som både tetreolje og lavendel. Effekten av desse stoffa skal likne det kvinnelege kjønnshormonet østrogen, og seiest å kunne blokkere for eller redusere mengda mannlege kjønnshormon. Det er kjent at østrogen gjev næring til enkelte typar kreftsvulstar, og pasientar med slike kreftformar bør av den grunn ikkje nytte desse oljene.

Aromaterapautane råder klientane sine til setje av godt med tid etter behandling med eteriske oljar, fordi reaksjonane kan vere ulike frå person til person. Sjølv om det ikkje ligg føre vitskapleg dokumentasjon på slik effekt, bør den som skal køyre bil, nytte verkty eller andre maskinar som krev stor aktsemd tenke seg om før dei brukar eteriske oljer som skal ha beroligande effekt. Aromaterapeutane råder òg klientane til å vere varsame med bruk av eteriske oljer ute i sterk sol og i solarium, fordi nokre oljer skal kunne auke huda si lyskjensle.

Som nemt er den vanlegaste forma for aromaterapi i Noreg aromaterapimassasje. Det er derfor ikkje umogeleg at aromaterapimassasje frå terapeut kan gje biverknadar på linje med det som er påvist for massasje. Dette tyder likevel ikkje at eventuelle biverknadar av aromaterapimassasje sikkert kan seiest å kome frå dei eteriske oljane.

Organisasjonar

Aromaterapeutar i Noreg har si eiga faggruppe i Norske Naturterapeuters Hovedorganisasjon (NNH). Faggruppa har 155 medlemmar (okt. 2010). Aromaterapeutar som er medlem i NNH, kan registrere verksemnda si frivillig i Utøverregisteret i Brønnøysund. NNH er medlem av Sammenslutningen av Alternative Behandlerorganisasjoners Hovedorganisasjon (SABORG) . Om dei pliktane NNH og medlemmane deira har ved å vere tilknytta SABORG, kan du lese om her.

Det kan vere fleire som praktiserer aromaterapi i Noreg, då ikkje alle er medlemmar i NNH. Nokre aromaterapeutar kan ha valt å vere medlem i andre forbund, og nokre aromaterapeutar driv meir innan velvère enn helserelatert behandling.

Les og

Pasientveiledning
Korleis finne ein alternativ behandlar

Kjelder

Les også

  • Lis-Balchin, Maria (2006): Aromatherapy Science – a guide for health professionals. Pharmaceutical Press, London.
  • Price, Shirley and Len (1999): Aromatherapy for Health Professionals. Churchill Livingstone, London.

Se vårt bildegalleri her