Bachs blomstermedisin

Fredag, 30. mars 2012

Foto: stock.xchng

Foto: stock.xchng

Denne artikkelen er under revidering. Deler av innholdet vil bli endret i 2012.

Bachs blomstermedisin er ein behandlingsform som baserer seg på blomsteressensar – eller remediar - frå ulike blomster, busker og tre. Behandlingsmetoden er kalla opp etter den engelske legen og bakteriologen Edward Bach (1880-1936). Bach såg på sjukdom og plager som ubalanse mellom mennesket sin indre natur og den ytre personlegdomen. Han meinte at sjukdom ga høve til å kome i balanse og å endre livet sitt.

Bach hevda at symptom på sjukdom er kroppen sin måte å gi uttrykk for negative kjenslemessige tilstandar: sjukdom og liingar skuldast negative kjensler. Av den grunn vert metoden særleg nytta ved problem som behandlaren meiner skriv seg frå slike kjensler – så som stress, traume, sjokk og generelle kjenslevare ubalansar.

Sterkt fortynna

I fylgje teorien skal desse ikkje verke på same måte som farmasøytiske medikament. Sjølv om blomstermedisinen er sterkt fortynna, meiner Bachterapeutar at den framleis inneheld energi frå plantane, og at denne energien kan verke inn på menneske sin mentale tilstand. Teorien seier vidare at blomsteressensane inneheld frekvensar eller svingingar som skal verke inn på den menneskelege psyken.

38 ulike remediar

Bachs blomstermedisin. Foto: Ingun A. Mæhlum

Eit utval av dei 38 ulike remediane i Bachs blomstermedisin. Foto: Ingun A. Mæhlum

Bachs blomstermedisin kan nyttast aleine, men vert ofte nytta saman med andre behandlingsformer, som homeopati, biopati, kinesiologi og soneterapi. Blomstermedisinen finst i heile 38 ulike variantar eller remediar, som Bach meinte skulle verke mot alle slag ubalanse og problem i mennesket sitt kjensleliv. Behandlaren startar gjerne ei behandling med ein samtale for å danne seg eit bilete av klienten sine plagar. Behandlaren velger så ut 1-7 forskjellege remedier, som oftast nok til 10 dagars behandling. Det er vanleg at samansettinga av remediane vert endra i løpet av behandlinga. Blomstermedisinen inneheld alkohol, og skal gjerne takast som dråpar på tunga fleire gonger dagleg. Medisinen finst og som krem til utvortes bruk.

Tryggleik

Det er lite truleg at det er nokon større risiko for dei fleste å nytte blomstermedisin. Det er ikkje meldt om alvorlege biverknadar, men det kan oppstå interaksjon dersom ein nyttar annan medisin samstundes:

Dei som brukar annan medisin som ikkje bør kombinerast med alkohol, er kjenslevare for alkohol eller nyttar antabus, må vere særleg varsame og berre nytte blomstermedisinen utvortes. Gravide bør generelt ikkje nytte preparat med alkohol i.Då blomstermedisinen og ein del andre terapiformer sine teoriar om verknad er basert på at sjukdom stammar frå mentale problem, og at båe kan kurerast med blomstermedisinen, vert psykisk sjuke særleg åtvara mot å avslutte skulemedisinsk behandling til fordel for altarnativ behandling som denne.

Verkar det?

Det finst ikkje solid dokumentasjon på effekten av Bachs blomstermedisin. Sjølv om det kan finnast enkeltstudiar og systematiserte brukererfaringar på effekten av Bachs blomstermedisin, regnast ikkje dette som solid dokumentasjon.

Søket i The Cochrane Library ble gjort i november 2010. Les meir om forsking og NIFABs kjelder og framgangsmåte her.

Kjelder

  • Bruset S. og D.V. Polezynski (1995): Alternativ medisinsk leksikon. Det Beste AS, Oslo
  • Myskja, Audun (2007): Blomstermedisin til vekst og helbredelse. Noras Ark, Oslo
  • NOU 1998:21 Alternativ medisin, punkt 6.3.7.1
  • VIFAB :Videns-og Forskningscenter for Alternativ Behandling (nedlastet 20.10.10)

Se vårt bildegalleri her