Biopati

Tirsdag, 17. januar 2012

Biopati er ei behandlingsform som freister å opprette eller gjenopprette såkalla homeostatisk likevekt, og på den måten hjelpe kroppen å friskne til av seg sjølv. I denne artikkelen kan du lese om følgjande:

Foto: Stock.xchng

Foto: Stock.xchng

Kva er biopati?

Teorigrunnlag

Biopati i praksis

Forsking

Er det trygt?

Organisasjonar

Les også

Referansar

Kva er biopati?

Biopati er ei behandlingsform som tek utgangspunkt i et samspel mellom dei belastningar kroppen vert utsett for, og kroppen sin evne til å gjenvinne likevekt og friskleik.

Biopatisk terapi handlar om å forsøke å fjerne faktorar som gjer kroppen sjuk, for dermed å leggje til rette for kroppen si evne til å lækje seg sjølv.

Kva betyr ordet biopati?

Ordet biopati er sammensett av dei greske orda ”bios” (liv) og ”pathos” (pine). I moderne språk brukast pathos ofte i betydninga ”behandlingsform”, og det er denne betydninga som er aktuell i omgrepet biopati. Mange biopatar veljer derfor å omsetje ordet biopati til ”biologisk medisin”.

Kva er målet med behandlinga?

Målet med biopati er å hjelpe kroppen til å lækje seg sjølv. Prosessane der kroppen lækjer seg sjølv fungerar ifølgje biopatien best når kroppen er i såkalla ”indre balanse” eller ”homeostase” (sjå avsnittet om teorigrunnlag). Behandlinga siktar derfor mot å opprette eller gjenopprette denne balansen eller homeostasen.

Biopati skal i følgje behandlarane både kunne gi ein betre allmenn helsetilstand, førebyggje helseplager og kurere ei rekke spesifikke helseplager. Det er kjent at biopati blir nytta av personar med til dømes astma og allergi, eksem, betennelsar, menstruasjonssmerter, giktlidingar, forstopping og diaré.

Korleis oppsto biopati?

Biopati blei grunnlagd i 1980 av den danske naturmedisinaren Kurt Winberg-Nielsen, som ein kombinasjon av mellom anna austleg medisin, homeopati, ernæringsterapi og urtemedisin. Den første biopatskulen blei etablert i København i 1981.

Teorigrunnlag

Innan alternativ behandling meiner ein ofte at mennesket er friskt når ho er i biokjemisk og mental balanse. Biopatane meiner derimot at mennesket aldri er i balanse. Dei meiner tvert om at vi konstant blir utsett for belastningar som trekk oss ut av likevekt.

Når vi likevel ikkje blir sjuke, meiner biopatien at dette skuldast at kroppen har ei ibuande evne til å regulere seg sjølv tilbake mot likevekt.

Denne reguleringskapasiteten har imidlertid grenser, og biopatane meiner at sjukdom er ein tilstand som oppstår dersom vi blir utsett for belastningar som er sterkare enn reguleringskapasiteten.

Det er nettopp dette samspelet mellom belastningar kroppen blir utsett for og kroppen sin evne og forsøk på å regulere seg attende til likevekt, biopatane er opptekne av og meiner dei kan påverke.

Homeostase
Homeostase er eit sentralt omgrep innan biopatien. Omgrepet betyr balanse eller likevekt, og refererer både til prosessen der kroppen søker mot likevekt, og sjølve likevektstilstanden.

Innafor biopati brukar ein omgrepet med referansar både til ein vestleg biologisk definisjon, og til ein austleg-filosofisk idé om urkreftene yin og yang.

Den biologiske definisjonen av omgrepet homeostase refererer til regulering av det indre miljøet i kroppen innafor snevre og strengt kontrollerte grenser. Viktige funksjonar for vedlikehaldet av homeostase er mellom anna syre-base-likevekt, temperaturregulering og stoffskiftekontroll.

Den austleg-filosofiske definisjonen av omgrepet homeostase refererer til likevekt mellom urkrafta yin, som blir assosiert med femininitet, jord, mørke, passivitet og absorpsjon, og urkrafta yang, som blir assosiert med maskulinitet, himmel, lys, aktivitet og penetrering.

Den homeostatiske reguleringsprosessen kan illustrerast med referanse til ein termostatovn. For at termostatovnen skal fungere som tenkt må han bli stilt inn på ein viss temperatur. Ovnen slår seg deretter på dersom det blir for kaldt, og han slår seg av dersom det blir for varmt. På denne måten held temperaturen i rommet seg innafor kontrollerte grenser.

Antihomeostatiske faktorar
Dei faktorane som trekk organismen ut av likevekta, blir innan biopatien kalla for antihomeostatiske faktorar. Ifylgje teorien vert mennesket utsett for ulike antihomeostatiske faktorar til ulike tider i ulike samfunn: I fattige land er matmangel og mangel på reint vatn viktige antihomeostatiske faktorar, medan menneske i den rike delen av verda oftare blir utsett for antihomeostatiske faktorar som stress, feil/usunt kosthald og mangel på mosjon.

Adaptasjon
I møte med antihomeostatiske faktorar skal kroppen ifølgje biopatisk teori heile tida søke etter likevekt. Denne prosessen blir kalla regulering.

Dersom dei antihomeostatiske faktorane overgår kroppen sin reguleringskapasitet, må kroppen ifølgje teorien forsøke å oppnå homeostase på andre måtar. Denne prosessen, der kroppen tilpassar si søking etter likevekt til ulik grad av antihomeostatisk belastning, blir innan biopatisk teori kalla adaptasjon eller tilpassing.

Ordet adaptasjon betyr enkelt forklara tilpassing. Som biologisk fagterm blir adaptasjon definert som cella si evne til å tilpasse seg belastningar og oppnå ny likevekt. Klassiske døme på adaptasjon er muskelceller som veks for å tilpasse seg store fysiske påkjenningar, og auking i mengda av raude blodlekamar hos personar som lever i oksygenfattige miljø.

Det som er spesielt med biopatien er at også sjukdom blir rekna som ein form for adaptasjon: Sjukdom vert tolka som eit uttrykk for kroppen sin kamp for å gjenvinne homeostase. Til eksempel forstår biopatane feber og dårlig matlyst ved influensa som kroppen sitt forsøk på å kjempe mot influensaviruset: Auka kroppstemperatur er skadeleg for viruset medan nedsett matlyst vert tolka som ei nedprioritering av fordøyinga til fordel for virusnedkjemping.

Det finst i alt sju ulike adaptasjonsfasar i den biopatiske teorien. Les meir om desse i avsnittet om diagnose.

Helseforståing

Winberg-Nielsen definerer god helse som ein tilstand der belastinga frå dei antihomeostatsike faktorane ikkje overskrider kroppen si naturlige evne til å regulere seg tilbake til likevekt. Motsett blir sjukdom definert som ein tilstand der belastinga overgår kroppen si naturlige evne til å regulere seg tilbake til likevekt.

Overmanna av sterke antihomeostatiske faktorar må kroppen ifølgje biopatisk teori ”velje” mellom å dø eller å generere ein sjukdom. Sjukdommen reknast difor som eit tiltak kroppen gjennomfører for å gjenvinne likevekt og oppnå god helse.

Virkningsmekanismar

Biopatane meiner at kroppens naturlege tilstand er å være frisk, og at om ein fjernar det som hindrar kroppen denne, så vil han klare å bli frisk på eiga hand.

Biopatane forsøker derfor å tilrettelegge for kroppen slik at han kan gjere seg sjølv frisk. Dei gjer dette ved å forsøke å redusere belastninga frå dei antihomeostatiske faktorane. Målet er å redusere belastninga til eit nivå som er handterlig for kroppen sin eigen homeostatiske reguleringskapasitet.

Biopatar nyttar mange ulike teknikkar for å motverke antihomeostatiske faktorar. Les meir om teknikkane i avsnittet Biopati i praksis.

Diagnose

Det biopatiske diagnosearbeidet er tufta på resten av teorien, og går ut på å finne ut kva for adaptasjonsfase kroppen er i. For å få svar på dette forsøker biopaten å danne seg eit bilete av tilstanden pasienten er i gjennom intervju og samtale, forskjellige testar samt bruk av teoretiske modellar. Biopaten ønsker mellom anna å vite om pasientens eventuelle sjukdomsteikn, sjukehistorie, kostvanar, fordøying og inntak av væske.

Nokre biopatar meiner at diagnosen vert meir treffsikker om dei nytta metodar som kinesiologi, soneterapi, irisanalyse og mørkefeltsmikroskopi. Ein irisanalytikar hevdar å kunne lese av helsetilstanden til eit menneske ved å sjå på den farga delen av auget (iris/regnbuehinna), medan mørkefeltsmikroskopi er ein teknikk der ein enkelt forklart sender lysstrålar på skrå mot undersøkingsobjektet, og dermed får auge på strukturar som ikkje er synlege i eit vanleg lysfeltmikroskop.

Resultata frå samtalane, dei diagnostiske testane og tolkinga av sjukehistoria skal kunne plassere klienten inn i ein av sju konkrete adaptasjonsfasar; der kroppen ifølgje teorien prøver å tilpasse seg ulik grad av sjukdom - frå normalt sunn og frisk, til alvorleg sjuk.

Dei sju adaptasjonsfasene i biopatisk teori omfattar følgjande:

  • Fase 1: Regulering. Kroppen er frisk, og den normale reguleringskapasiteten er tilstrekkeleg til å kompensere for antihomøostatiske faktorar.

    Kroppen fell ifølgje biopatisk teori ut av fase 1 dersom dei antihomeostatiske faktorane overgår kroppen sin reguleringskapasitet. Prosessane i fase 2-7 er ifølgje teorien å forstå som meir eller mindre alvorlege strategiar som alle har som formål å gjenopprette likevekt i kroppen.

  • Fase 2: Dysfunksjon. I fase to meiner biopatane at kroppen søker etter likevekt ved å prioritere såkalla ”avgiftande” organfunksjonar og nedpriorietere andre funksjonar. Symptom og kjenneteikn på at ein er i denne fasen skal vere hudutslett, hovudverk, dårleg fordøying, forstopping, diarré, trøytte, muskelspenningar osb.
  • Fase 3: Akutt infeksjon. I fase tre meiner biopatane at kroppen søker etter likevekt ved å sette i gang akutte infeksjonssjukdommar som influensa eller katarr. Infeksjonssjukdommane er ifølgje bioaptien svært effektive prosessar der kroppen rensar seg sjølv. Symptom og kjenneteikn på at ein er i denne fasen skal vere nedsett matlyst, auka tørste, trong til å kvile, og feber. Fase 3 blir ofte også kalla for akutt dysbiose av biopatane. Dysbiose er samansatt av dei greske orda dys og bios som betyr dårleg/sjuk og liv. Dysbiose kan såleis tolkast som det motsette av symbiose, og biopatane meiner då at kroppen har vorte innteken av skadelege mikroorganismar.
  • Fase 4: Kronisk betennelse. I fase fire meiner biopatane at kroppen søker etter likevekt ved å opprette kroniske betennelsar (også kalla kronisk dysbiose). Desse betennelsane fungerer ifølgje biopatar nærmast som fengsel, der immunsystemet kan overvake skadelege mikrobar. Dei vanligaste stadane for slike kroniske betennelsar seiest å vere i organ som tjukktarm, bihuler, mandlar, svelg, galleblære, urinvegar og underliv. Dei kroniske betennelsane forårsakar ifølge biopatien allmenne reaksjonar som hovudverk, trøytte og depresjonar, og ifølgje biopatien kjem alle kroniske sjukdommar av ein underliggjande kronisk betennelse.
  • Fase 5: Allergi. I fase fem meiner biopatane at kroppen søker etter likevekt ved å utvikle ein allergi. Allergi tyder ”annleis reaksjon”. Ordet kjem av det greske ’allos’ som betyr annleis, og det greske ’ergon’ som betyr å arbeide. Her hevdar biopatane at immunsystemet arbeider annleis enn det skal: Det mistar evna til å skilje mellom kva som er skadeleg og kva som er nyttig for kroppen. Endringa kjem ifølgje biopatane av ei slags forvirring i kroppen etter å ha vorte utsett for kronisk dysbiose over lengre tid. Denne kategorien er ikkje med i Winberg-Nielsens originale teori fra 1984.
  • Fase 6: Depotdanning. I fase seks meiner biopatane at kroppen søker etter likevekt ved å lagre eller deponere syrer, toksiner og anna som ikkje skal blir spredd med blodet, i ikkje-livsviktig vev som til dømes bindevev og musklar. Symptom i denne fasen skal til dømes vere gikt, slapp blære, nedsunken livmor, nedsunken tjukktarm med utposingar og kronisk forstopping, hemoroidar, åreknutar, kretsløpsjukdommar, gallestein og nyrestein.
  • Fase 7: Intracellulær dysbiose. Intracellulær betyr ”inni cella”. I denne fasen hevdar biopatane at kroppens forsvar har brote saman. Dysbiosen trengjer inn i cellene, slik at dei blir omdanna til kreftceller.Dette er altså biopatien sin teori om korleis kreft oppstår.

Biopati i praksis

Korleis foregår behandlinga?

Biopati er ei behandlingsform som involverer kontakt med ein terapeut. Ein typisk første samtale vil gjerne dreie seg om kva slags symptom du opplever, eventuelle tidlegare sjukdommar, kva slags kostvanar du har, om fordøyinga di er god, om du drikk nok vatn og om det fysiske og psykiske arbeidsmiljøet ditt.

Etter samtalen vil terapeuten gå gjennom ulike analysemetodar. Dette kan inkludere mørkefeltsmikroskopi, irisanalyse, fotsoneterapi med meir.

Deretter vil terapeuten setje opp eit individuelt tilpassa program basert på det han kallar regenerasjonsprogrammet. Dette femner fleire forskjellege terapiar, til dømes kosthaldsråd, vitamin- og mineralterapi, symbiosekorreksjon (til dømes tilskot av mjølkesyrebakteriar), råd om endring av livsstil, utrensking med urter, samt terapi som er meint å styrke og korrigere kroppen sitt immunforsvar.

Det er vanleg at klienten går på ein kur med desse terapiane i kring fire veker. Etter den første kuren tar klienten ein ny analyse før ein eventuell ny fire vekers kur. Dette held fram til biopaten meiner kuren har gitt ønska effekt.

Nokre biopatar nyttar også andre metodar, som kinesiologi, øreakupunktur, soneterapi, irisdiagnose og bioelektronisk funksjonsanalyse som supplement til behandlinga. Biopatane meiner og at nokre analyseapparat kan nyttast til behandling.

Biopati i Noreg

Biopatien kom til Noreg i midten av 1980-åra, då dei første norske biopatane blei uteksaminert frå danske biopatskolar. På byrjinga av 1990-talet vart det oppretta ei avdeling av den danske biopatskolen i Noreg. I 2010 var det 36 registrete føretak i Noreg som dreiv med biopati.

Forsking

NIFAB nyttar Cochrane Library sine metastudiar som kjelde til informasjon om forsking på effekt.

Verkar det?

Det finst ikkje solid dokumentasjon på effekten av biopati. Sjølv om det kan finnast enkeltstudiar og systematiserte brukererfaringar på effekten av biopati, regnast ikkje dette som solid dokumentasjon.

Søket i The Cochrane Library vart gjort i november 2010. Les meir om forsking og NIFABs kjelder og framgangsmåte her.

Er det trygt?

Det finst ikkje solid dokumentasjon om tryggleiken ved bruk av biopati, men samstundes er det heller ikkje rapportert om alvorlege biverknadar.

Kjende biverknadar og interaksjonar

Ifylgje biopatane kan biverknadar som kvalme, lokal smerte, trøytte, litt feber, hovudverk, sveitte og svingningar i humøret kan oppstå.

Ein bør vere varsam med å nytte kosttilskot, mineral- og vitaminpreparat i kombinasjon med legemidlar. Slik behandling bør alltid gjerast etter rådføring med lækjar. Les meir om tryggleik og kosttilskot her.

Dersom du opplever negative effekter som du meiner skuldast biopati, bør du ta kontakt med lækjar.

Ver merksam på at det kan oppstå risiko for helseskade dersom terapeuten ikkje rådar klienten til å oppsøkje naudsynt medisinsk behandling. Dette gjeld alle typar alternativ behandling.

Bruk av biopati og/ eller annan alternativ behandling bør aldri erstatte medisinsk hjelp og behandling frå den offentlege helsetenesta. Les meir om dette i NIFAB si pasientrettleing.

Varsemd

Gravide må generelt passe på at dei ikkje får for mykje vitamin og mineral. Til dømes er vitamin A i svært høge doser knytta til fosterskadar.

Ein bør også vere oppmerksam på mulige allergiske reaksjonar dersom ein som ein del av biopatisk kosthaldsrådgiving inkluderar næringsmiddel som hittil ikkje har vore ein naturleg del av kosthaldet. Personar med mangelsjukdomar bør konsultere lækjar før dei gjer større endringar i kosthaldet sitt.

Organisasjonar

I Noreg har biopatane si eiga faggruppe i Norske Naturterapeuters Hovedorganisasjon (NNH).

Alle som vil kan kalle seg biopat, men tittelen blir lite brukt av utøvarar som ikkje har teke biopatutdanning.

Les også

Referansar