
Tai chi. Foto:Luigi Scorcia med Creative-Commons Lisence.
Denne artikkelen er under revidering. Deler av innholdet vil bli endret i 2012.
Tai chi er ei treningsform som kjem frå Kina. Nemninga er kinesisk, og tyder ”det aller høgste”. Det er ei form for qi gong, og er ein del av det samansette orientalske medisinske systemet som inneheld akupunktur, massasje, akupressur, urtemedisin og kopping.
I det 13.hundreåret f.Kr. utvikla utøvarar av kampkunst ei treningsform basert på sjølvforsvarsbevegelsar for å verte meir uthaldande og få betre smidigheit, balanse og koordinering, samstundes som treninga ikkje skulle vere belastande for kroppen. Treningsforma har frå den tid utvikla seg gjennom fleire fasar. Fyrst i 1960-åra blei det gjeve undervisning i tai chi i Europa og USA.
Tai chi blir ofte utført gruppevis. Det kan sjå ut som ein sakte dans, med flytande, avslappa bevegelsar. Tai chi skal gjeve betre andedrett og betre evna til å slappe av, samstundes som det skal styrkje kroppen utan å skade ledda. Treningsforma skal kunne hjelpe til med å fjerne stress og relaterte muskelspenningar frå rygg, skuldre og hofte.
Under praktisering av teknikken skal ein fokusere på andedrettet, og koordinere øvingane med pusterytmen. Difor vert tai chi ofte kalla ”meditasjon i rørsle”. Ein finn og nemninga skuggeboksing om tai chi. Tai chi blir utført med fleire rolege, grasiøse øvingar i eit bestemt mønster, i ei såkalla kort eller lang form.
Ei kort form vil som oftast vare frå fem til ti minutt, og innehalde 37 eller 48 øvingar. Ei lang form vil kunne ta fra 20 – 60 minutt, og innehalde 108 øvingar. Tai chi kan lærast på tomannshand, men oftast i gruppe. Ei økt er som oftast på 90 minutt. For å ha nytte av tai chi meiner utøvarar at du må praktisere treningsforma minst ein gong i veka.
Tai chi vert ofte nytta ved angst, spenningar i musklar, leddbetennelsar, ryggproblem og ved blodtrykk- og sirkulasjonsproblem.
NIFAB nyttar Cochrane Librarys metastudier som kjelde til informasjon om forsking på verknad. Sjølv om det kan finnast enkeltstudiar på effekten av Tai chi, er slike studiar ikkje nok til å seie noko sikkert om det verkar. Les meir om vårt val av kjelder og vår framgangsmåte her. Les meir om forskingsmetodar her.
Internasjonalt veit ein at Tai chi vert nytta i behandling av fleire typar helseproblem. Dette er ikkje det same som at metoden har vitskapeleg dokumentert effekt mot desse.
Ved søk i Cochrane Library har vi funne kun èin metastudie på tai chi. Denne metastudien undersøker om Tai Chi har verknad ved leddgikt. Les det norske samandraget av metastudien her. Søket i Cochrane Library vart gjort i november 2010.
Det finst ikkje solid dokumentasjon om tryggleiken ved bruk av Tai chi, men samstundes er det ikkje registrert risiko for alvorlige biverknadar
Sjølv om instruktørane reknar Tai chi som ei trygg terapiform, åtvarar dei klientar som har ein sjukdom mot å starte tai chi trening utan å kontakte lege på førehand. Dette gjeld til dømes ved ved brokk, ryggsmerter, beinbrist, ledd-problem, alvorleg beinskjørleik samt ved svangerskap.
Biverknadar
Ifylgje instruktørane kan overdreven bruk kunne gje forstrekkjingar eller ømme musklar. Har du ein infeksjon i kroppen, er veldig trøytt eller nettopp har ete, rådar instruktørane til å ikkje å utøve tai chi.
Dersom du opplever negativ effekt som du meiner skuldast Tai chi, bør du kontakte lege.
Vær merksom på at det kan oppstå helseskade dersom instruktøren ikkje rådar klienten til å oppsøkje naudsynt medisinsk behandling. Dette gjeld alle typar alternativ behandling
Bruk av Tai chi og/eller anna alternativ behandling bør aldri erstatte medisinsk hjelp og behandling frå den offentlege helsetenesta. Les meir om dette i NIFAB si pasientveiledning.