Denne artikkelen er under revidering. Delar av innhaldet vil bli endra i 2012.
Visualisering kjem av ordet "å visualisere" som tyder å sjå for seg. Metoden er ei målretta tenkjing i form av bilete, som i terapeutisk samanheng handlar om å prøve å sjå for seg den tilstanden ein vil oppnå. Visualisering kan seiast å vere ei form for sjølvhjelp, eller ein meditasjon der visualiseringa skal verke på undermedvitet. Terapiforma er brukt innanfor andre behandlingsformer som kinesiologi og myofascial release som er ei form for massasje.
Visualiseringsterapi eller styrt meditasjon blei utvikla på 1970-tallet av Carl Simonton, ein amerikansk radiolog, saman med psykoterapeuten Stephanie Matthews-Simonton. Visualisering blei brukt av lækjarar allereie under middelalderen.
NIFAB bruker Cochrane Librarys metastudier som kilde til informasjon om forskning på effekt.
Internasjonalt brukes visualiseringsterapi i behandling av flere typer helseproblemer. Dette betyr ikke nødvendigvis at visualiseringsterapi har vitenskapelig dokumentert effekt mot disse.
Verkar det?
Det finst ikkje solid dokumentasjon på effekt av visualiseringsterapi. Sjølv om det kan finnast enkeltstudiar og systematiserte brukarerfaringer på effekt av visualiseringsterapi, vert dette ikkje rekna som solid dokumentasjon.
Søket i The Cochrane Library vart gjort i oktober 2010. Les meir om forskning og NIFABs kjelder og framgangsmåte her.
Er det trygt?
Det finst ikkje solid dokumentasjon om tryggleiken ved bruk av visualiseringsterapi, men samstundes er det heller ikkje rapportert om alvorlege biverknadar.
Biverknadar
Dersom du opplever negative effekter som du meiner skuldast visualiseringsterapi, bør du kontakte lege.
Ver merksam på at helseskade kan oppstå dersom terapeuten ikkje rådar klienten til å oppsøke naudsynt medisinsk behandling. Dette gjeld alle typar alternativ behandling
Bruk av visualiseringsterapi og/ eller annan alternativ behandling bør aldri erstatte medisinsk hjelp og behandling frå den offentlige helsetenesta. Les meir om dette i NIFAB si pasientveiledning.