Slik yoga vert praktisert av monge i dag kan yoga definerast som ein form for eigabehandling ein anten nyttar for velvære, eller for å verte frisk frå ulike plagar. I denne artikkelen kan du lese om følgjande:
Yoga er eit samlenamn for ulike teknikkar for kroppsøvingar, konsentrasjon, meditasjon og pusteteknikk. Yoga er samansett, og femner også reglar og etikk for atferd og reinsing. Som terapiform høyrer yoga til i det austlege medisinske systemet ayurveda.
Ordet ”yoga” er sanskrit og tyder heilskap, i tydinga ”sameining” av kropp, sinn og pust.
Målet med slik yoga hovudsakleg vert praktisert i vesten er helse, avstressing og velvære. Yoga har som mål å oppnå ein medviten kontroll over andedraget; noko som skal gi auka velvære. Ein slik kontroll skal og gi samla og betre kontroll over kroppen, og medverke til mental og kjenslemessig harmoni. Yogateknikkane seiest og å skulle kunne fjerne negative kroppshaldningar så vel som negative tankemønster.
Gjennom å øve seg på ulike kroppsstillingar er målet å få auka smidigheit, styrkja musklar og auka blodsirkulasjon. Det skal og gi betre haldning og spenst, dempe stress, hovudverk og muskelsmertar. Ulike yoga-stillingar skal kunne gjere utøvaren medveten om kroppen og sinnet sine reaksjonar på daglegdagse situasjonar, ikke berre under sjølve øvinga, men også resten av tida.
Yoga vert nytta som ei treningsform og terapeutisk ved ei rekkje lidingar og tilstandar, som: migrene, ryggsmertar, overvekt, rusavvenning, klimakterieplagar, whiplash (nakkeslengskadar), diabetes, premenstruelle spenningar, andre menstruasjonsplagar, søvnløyse, angst, leddbetennelse eller revmatisme, nerve- og muskelsjukdom, høgt blodtrykk, astma, bronkitt og andre luftvegsplagar, hemoroider og hjartesjukdom.
Det opphavlege målet med yoga var religiøst, der ein skulle oppnå djup konsentrasjon og erkjenning, noko som ga frelse frå å verte fødd på nytt.
Yoga er ein fleire tusen år gamal indisk praksis, og funn av symbolar i ruinar kring elva Indus i Sør-Asia vert tolka til at yoga fanst i Indu-sivilisasjonen; frå 3000 til 1700 år f.Kr. Yoga vart etter kvart ein av fleire andelege tradisjonar knytt til hinduistisk tenking og praksis. Her vert yoga forstått kun som mental konsentrasjon, og ikkje som fysiske øvingar, slik ein kjenner yogaen i dag.
Teksten Yogasutra, skriven av den indiske vismannen Patanjali, ca. år 300 f.Kr, vert rekna som grunnlaget for tankesystemet yoga. Fram til 1920–talet var yoga ei nærast hemmeleg lære kun for indiske munkar. Utover 1920-tallet vart sentrale yogalærarar i India opptekne av å formidle yoga til det breie laget av folket, og yogaen vart etter kvart også tilgjengeleg for kvinner. Fleire av dei sentrale teoretikarane hadde lækjarutdanning, og dei knytte yoga til både psykisk og fysisk helse. Dei meinte yoga verka både helsefremjande og førebyggjande mot sjukdom og plager.
Då interessa for austleg kultur, filosofi og tradisjonar som buddhisme, zen, taoisme og sufisme byrja å vekse i vesten for nokre tiår sidan, breidde også yogaen seg vestover. Det er monge variantar av yoga, og dei har fått ulikt fotfeste kring om i vesten. Hathayoga femner fem yoga-variantar, som har fått flest tilhengjarar. Desse formene for yoga legg mest vekt på øvingar med stillingar og pusteteknikkar av ei slik art og intensitet, at dei hjå monge har vorte ei fysisk treningsform. I vesten vert yoga ofte tilbydd som enkeltståande kurs, som ei form for trim ved treningssentre og på eigne yoga-skular.
I dag vert yoga nytta av millioner av menneske over heile verda. NCCAM opplyser at i USA var yoga blant dei ti mest brukte metodane innan alternativ og komplementær medisin blant vaksne i 2007. På eit sjukehus i Sverige tilbyr dei yoga som ein del av rehabiliteringa til personar som har hatt hjerteinfarkt. Hathayoga er innført av den indiske regjeringa på timeplanen i skuleverket, og i England er yogaorganisasjoner inkludert i det britiske idrettsforbundet.
Den største delen av verdas yoga-utøvarar er hinduar, og bur i land som India, Nepal, Pakistan og i andre land der hinduismen står sterkt.
Yoga-tradisjonen byggjer på ein filosofi om kva som er sann lukke. Dette inneber ein idè om at dersom sansane ikkje vert styrde og kontrollerte, vert ein fanga i førestellingar som endar med lidingar, smerte og sorg. Vert sansane tilfredsstilte, fører det til uro, trong og attrå.
For å ta styringa over sitt eige mentale og fysiske liv må ein ifylgje læra øve opp ein mental konsentrasjon og ha fokus på andedraget. Huget etter for eksempel opplevingar, spenning og nyting vil då forsvinne. Å vere fri frå alle slag forstyrringar kallast ”den høgste tilstand”, og det er denne kontrollen over sansane ein då har som vert kalla yoga. Yoga-nemninga inneber soleis kontroll over både pust og sinn.
Grunnsystemet i yoga
Grunnsystemet i yoga består av åtte fasar. Dei fyrste fem fasane dannar yogaen sin ”ytre fase”, og handlar om kroppen og hjernen. Dei tre siste fasane handlar om yogaen sin ”indre fase”, og tek sikte på å syne korleis ein kan omskape sinnet. Grunnsystemet seiest å skulle ha ulike funksjonar og mål:
1. Yama – har som føremål å fremje moral og etiske prinsipp i individet.
2. Niyama – har som føremål å skape indre integritet.
3. Asana - omfattar yogastillingane, som ein gjer for å søkje å roe sinnet og kome inn i ein djup meditasjon.
4. Pranayama – er ei forlenging av pusten, som skal fjerne forstyrringar frå sinnet for at det skal vere lettare å meditere og konsentrere seg.
5. Pratyahara – tyder mestring av sansane, med føremålet å halde fokus på det indre.
6. Dharana – tyder konsentrasjon, og handlar om evna til å fokusere på eitt punkt og samtidig ekskludere alt anna.
7. Dhyana – tyder meditasjon, og seiest å vere den ”flyten” av medvit mot det ein konsentrerer seg om å oppnå.
8. Samadhi – tyder absorpsjon gjennom meditasjon. I denne tilstanden skal medvitet ikkje vere delt: Egoet forsvinn, og ein skal då verte eitt med Gud eller eitt med alt.
Prana og nadiar
Eit sentralt fenomen i yogalæra er prana, som skal vere sjølve livskrafta som organiserer og gir liv til alle kroppslaga. Prana seiest å strøyme gjennom årer, eller såkalte nadiar.
Antall nadiar i kroppen er i læra talfesta til å vere 72.000. Læra hevdar at ein kan utvikle og endre prana og nadiane gjennom pusteøvingar, og såleis nytte desse som ei lækjande kraft ved sjukdom. Ifylgje læra har kroppen òg ei rekkje andre ”energi-senter” og ulike energiar, som vert knytt til ulike stadar og organ i kroppen, med spesifikke områder dei verkar på.
Yoga baserar seg på at det finst eitt godt og fleire dårlege høve mellom mellom inn- og utpust. Eit dårleg høve mellom desse seiest å føre til redusert livskraft (prana), som igjen fører til dårleg helse. Ved hjelp av kroppen og pusten skal ein kunne oppnå jamvekt, og då oppnå mental styrkje.
Yogalæra seier vidare at kroppen er bygd opp av fleire lag, eller behaldarar, der det ytterste laget vert kalla den fysiske kroppen. Dei neste laga vert kalla energikroppen, den mentale kroppen, og det innerste vert kalla den lukkelege kroppen. Ifylgje læra livnærar eit kroppslag seg av energi frå det laget som ligg under. Syter ein ikkje for å stadig byggje opp det innerste laget, vert energien ”brukt opp”, og då seier læra at det kan oppstå sjukdom eller disharmoni.
Til grunn for yoga ligg observasjonar og tolkingar av kva samanheng som skal finnast mellom kropp, tanke og sinnet sin funksjon og evne, og korleis desse normalt reagerar på stimulans utanfrå.
Til dømes kan ein kjenne at hjartet slår raskare, at musklane spenner seg og ein kan oppleve pustevanskar når ein vert redd. Ein anna reaksjon kan vere at magen ”knyt” seg, pusten går raskare eller vert kortare, og handflatene kan bli sveitte.
Ifylgje yogalæra skal pusten på eit vis også ”spegle” sinnstilstanden. Til dømes vert ujevn anding tolka som manglande samanheng mellom kropp og sinn. Yogatradisjonen vurderer difor andedraget som teikn på helsetilstanden. Med yoga skal ein kunne bryte med uheldige pustemønster, og mentale sperringar skal kunne bli fjerna.
Innafor yoga tenkjer ein seg også at sjukdom oppstår dersom kroppen sitt indre er i ubalanse med dei ytre omgjevnadane. Føresetnaden for å oppnå dette, er at ein har trena opp sin eigen sensitivitet og kan kjenne når kroppen er i ubalanse. Ved å utøve yoga, skal ein kunne få kontroll over kroppens tilsynelatande umedvitne indre funksjonar. På den måten skal ein kunne verte ”sin eigen healar”, og såleis kunne gjere seg frisk frå sjukdom og plager.
Ifylgje teorien skal yoga også kunne ”massere” kroppen sine indre organ, styrkje nerver og musklar og gi auka rørsle i ledda. Du skal også kunne roe sinnet, fjerne bekymringar og på den måten auke positiv tankegong og få generell auka energi gjennom å gjere yoga.
Desse verkemåtane og teoriane er antakelsar som ikkje er dokumenterte eller vitskapeleg påviste.
Ifylge Natural Standard skal jevnleg yoga med djupe pusteøvingar forbetre lungekapasiteten. Natural Standard visar også til at yoga skal vere helsefremjande for dei med astma og høgt blodtrykk, mellom anna fordi pusteøvingane utvidar blodårane og aukar blodgjennomstrauminga.
Utover dei generelle tankane om helse og sjukdom, der til dømes eit dårleg høve mellom inn- og utpust ifylgje læra vil føre til dårleg helse, vert ikkje yoga nytta som verkty for å påvise sjukdom.
Slik yoga vert praktisert av monge i dag kan yoga definerast som ein form for eigabehandling ein anten nyttar for velvære, eller for å verte frisk frå ulike plagar. Ein går gjerne på kurs eller faste timar/ samlingar for å både lære og praktisere dei ulike øvingane og stillingane, kor ein vert rettleia av ein yoga-instruktør.
Dei fleste teknikkane vert utførte kun ved bruk av kroppen, men det er vanleg at ein har noko personleg utstyr til bruk under øvingane, så som ei matte til å ha på golvet, eit pledd til å kunne dekkje heile kroppen, ein ball til bruk ved tøying og strekk av mage, rygg og skuldre, samt ein spesiell krakk til øvingar kor ein sit på kne. Ved meditasjonsøvingar nyttar nokon band eller skjerf kring hovudet eller augene, for å kunne konsentrere seg lettare.
I yoga andar ein berre gjennom nasen. Å ha god luftveg gjennom nasen er av den grunn viktig. Naseskylling kan difor inngå som ein del av yoga, og praktiserast ved hjelp av vatn frå ei spesiell kanne for dette føremålet.
Moderne yoga kan delast i to hovudgrupper:
• tradisjonar som legg vekt på mental konsentrasjon og andedrag.
• tradisjonar som legg vekt på kroppslege, fysiske øvingar og andedrag.
Yoga-stillingane tek sikte på å utvikle kontrollert avslapping og smidigheit. Ein legg vekt på at øvingane vert utført sakte – stillinga kan verte heldt i minst eitt minutt eller meir. Grunnen til dette skal vere at utøvaren skal være konsentrert om andedraget. Øvingane skal ikkje innehalde store kraftanstrengelsar eller sterk fysisk utfalding. Stillingane skal gjere at utøvaren kan fokusere på sin eigen kropp, sinn og andedrag.
I dag finst det eit stort tilbod av yoga-teknikkar, stillingar og kurs/ program, tilpassa menneske i ulike tilstandar: Til dømes yoga for gravide, eller yoga for personar med ulike sjukdomar/ skadar, utvikla for å skulle styrke og trene visse delar av kroppen. Det er vanleg at ein vert oppfordra til å øve på stillingane mellom yogatimane på kurset. Det er eit mål at det ein lærer, skal ein ta i bruk og praktisere regelmessig som ein del av kvardagen.Ynskjer ein å nytte yoga som behandling ved konkret sjukdom/ plagar, plar instruktørane leggje vekt på korte, men hyppige økter, gjerne fleire gongar kvar dag.
Prisen på kurs varierer, avhengig av kor langt kurset er og kva det femner. Det er vanleg å tilby yoga-kurs i ulike vanskegradar, inndelt etter røynsle (nybyrjar – øva osv). I 2011 kan eit nybyrjar-kurs på 10-12 timer i hatha-yoga koste om lag kr.1200,-. Det vert og tilbydd ulike tematiske yoga-program, der lengda kan variere frå 30-90 min.
I 1950 kom den indiske yogalæreren Selva Raja Yesudian til Sveits. Han skrev boka Sport und Yoga, som på norsk heiter : Yoga og Helse. Fleire yogalærarar kom frå India til Sveits, og interessa for yoga spreidde seg vidare mellom anna til Skandinavia og Noreg.
Yoga vart og er populært i Noreg, og vert praktisert meir som ei treningsform enn ei terapiform.
Knut A. Jacobsen skriv i ein kronikk i Aftenposten at yogaen var frykta av den norske kyrkja på 1970-talet, av di yoga ifylgje den hinduistiske tradisjonen skulle leie til djup konsentrasjon og frelse frå attføding. Dette var ikkje i samsvar med kristen lære, og trua om liv etter døden.
Yoga vert praktisert hovudsakeleg utanfor helsetjenesta, men vert nytta av enkelte helsepersonell, så som enkelte kiropraktorar, fysioterapeutar og psykologar som ein del av terapi-tilbodet deira. Monge yogainstruktørar er utan nokon form for helsefagleg utdanning. Yoga er ein del av den hinduistiske læra og utøvast regelbunden av hinduar.
NIFAB nyttar Cochrane Library sine metastudiar som kjelde til informasjon om forsking på effekt. Sjølv om det kan finnast enkeltstudiar på effekt av yoga, er slike studiar ikkje nok til å seie noko sikkert om yoga verkar. Les meir om kjelda og framgangsmåten vår her.
Internasjonalt veit ein at yoga vert nytta i behandling av fleire typar helseproblem. Dette er ikkje det same som at yoga har vitskapeleg dokumentert effekt mot desse.
Ved søk i Cochrane Library har vi funne èin metastudie på yoga som behandling. Den undersøkjer om yoga har effekt ved epilepsi. Samandrag av denne studien kan du lese her.
Det finst ikkje solid dokumentasjon i NIFAB sine kjelder om tryggleiken ved bruk av yoga, men samstundes er det heller ikkje rapportert om alvorlege bivirknadar. Yoga vert generelt rekna for å vere trygt for normalt friske folk, når det vert praktisert på rett måte. Det finst førebels få eller ingen rapporterte farar i kjeldene våre med å bruke yoga, men visse grupper bør vere varsame og/eller drøfte bruk av yoga med lækjaren sin på førehand:
Forskinga rapporterer om få biverknadar. Utøvarane talar om moglege, men kortvarige og milde biverknadar som forbigåande hovudverk, trøytte eller ubehag i musklar og/ eller ledd som har blitt strekte. Dersom du merkar negative effekter ut over desse og meiner at desse skuldast yoga, bør du kontakte lækjar.
Instruktørane rådar urøynde som ynskjer å prøve yoga til å delta på eit kurs, både for å få rettleiing om størst utbytte av teknikkane, men også og for å hindre overbelasting grunna feil utføring av teknikken.
Ifylgje kjeldene våre bør du ikkje gjere yoga hvis du har:
• feber
• kjenner kvalme eller ubehag ved visse øvingar
• kjende/ kroniske lidingar i muskel/ ledd/ skjelett
• høgt trykk i augeeplet
• skiveutgliding i ryggrada
• ekstremt høgt eller lågt blodtrykk
• grøn stær
• netthinneløysing
• risiko for blodpropp
• øyre problem
• alvorleg beinskjørheit
Gravide bør berre gjere yoga som er tilpassa gravide. Årsaka er at dei ikkje må overbelaste livmora eller utsetje seg for vridingar i underlivet.
Som med andre fysiske treningsprogram, er det viktig å varme godt opp musklar og ledd før ein gjennomfører krevjande eller harde yoga-øvingar. Let ein dette vere, kan ein få strekkskadar.
Vær merksam på at helseskade kan oppstå dersom instruktøren ikkje rådar klienten til å oppsøkje naudsynt medisinsk behandling. Dette gjeld alle typar alternativ behandling.
Bruk av yoga og/ eller anna alternativ behandling bør aldri erstatte medisinsk hjelp og behandling frå den offentlege helsetenesta. Les meir om dette i NIFAB si pasientveiledning.
I Noreg er ikkje yoga-instruktørane ei einsarta yrkesgruppe. Yoga-instruktør er heller ikkje ein beskytta tittel. Det betyr at kven som helst kan kalle seg dette, uavhengig om ein har utdanning i faget eller ikkje.
NorskYogalærerforbund har som mål å fremje både kunnskap og utbreiing av yoga iNoreg, og å auke yoga-lærarar sin faglegekompetanse. Forbundet har eit minstekrav til utdanning hjå den som ynskjer å vere medlem. Du kan lese meir om forbundet på heimesida http://www.yogaforbundet.no/ .
Det finst og fleire internasjonale organisasjonar kring yoga, som til dømes EYF - European Yoga Fellowship, IYFM - International Yoga Fellowship Movement, og YRF - Yoga Research Foundation.
Korleis finne ein alternativ behandlar